|
Seminar 11. mars:
Digitale læremiddel
-
Kva slags erfaringar har elevar og lærarar med bruk av digitale læremiddel?
-
Korleis skal framtidas digitale læremiddel vere?
-
Har lærarar og elevar reell fagleg fridom til å velje metodar og læremiddel?
Torsdag 11. mars arrangerast seminar om digitale hjelpemiddel i Utdanningsforbundets kompetansesenter - Lærernes Hus i Oslo.
Det er Utdanningsforbundet saman med Elevorganisasjonen, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening og Den Norske Forleggerforening som er arrangørar.
Statssekretær Lisbeth Rugtvedt i Kunnskapsdepartementet opnar seminaret.
Andre innleiarar er Evy Ann Eriksen, sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet og ansvarleg for medlemsgruppene i vidaregåande opplæring, i tillegg Magne Nesvik, Ingunn Ø. Nordvold, Bengt Jacobsen, Rune Henningsen og Bøye Bøyesen, vidare vil Jan Helge Russnes, Erling Telhaug og Egil Børre Johnsen innleie.
Tom Hansen frå Synovate vil presentere funn frå undersøking om bruk av digitale læremiddel i den vidaregåande skolen.
Seminaret kostar 500 kroner inkludert lunsj.
Påmelding:
Meld deg på ved å sende ein e-post tilou@forleggerforeningen.no
|